Lomsguiden 2026


Årets guide får same format som tidlegare med tekst på norsk og engelsk. Guiden vil bli sendt til trykk rundt 20. mai og det blir teke sikte på distribusjon frå rundt 20. juni. 

Gje beskjed om endring på innhald eller storleik på annonse frå 2025 til 2026, bestilling av ny annonse eller eventuelle endringar i faktadel innan 11. april.  

Eg går gjennom faktasidene og oppdaterer med nye verksemder, aktivitetar osv. Kom gjerne med tips og innspel om ting som bør vere med eller skal endrast om det ikkje gjeld di bedrift også. Kom gjerne også med innspel til arrangementsoversikt.

Ord. prisar: 1/1 side kr. 6900 (ev. side nr. 2 halv pris), 1/2 side kr. 5900,-  Prisane inkl. oppsett av annonse, trykk og distribusjon / eks. mva.  

Oppdaterte bedriftssider og faktasider vil bli utsendt til gjennomgang før guiden blir sendt til trykk.  

Sjå guiden 2025 med innlagt forslag til ny framside.